Fersk kaffi frå Laksevåg
Kafferedet lagar kaffe med ei historie. Fersk, økologisk og brend kvar veke. Vil du ha eiga etikett? Kafferedet lagar til deg!

Lokalt brenneri
På Laksevåg i Bergen.
Økologisk kaffi
Debio-sertifisert.
Rettferdig handla
Frå garder vi kjenner.
Fersk kvar veke
Brend & pakka same veke.
Favoritt-Gåveposar
Firmagåver som blir brukt — og hugsa
Lokal, ferskbrent kaffi med eigen etikett, helsing eller profil. Ei gåve som kjennest personleg, og som varer litt lenger enn dei fleste.
Eigen etikett
Di historie, helsing eller merkevare på posen.
Frå 16 posar
Ingen etableringskostnad ved bestilling frå 16 posar.
Gåvepakkar
Kaffi saman med kopp, kakao eller kort.
Kaffi med historier
Bak kvar pose sit eg, Nina — med laptop, papir og ein god kopp kaffi. Kvar einaste etikett er designa og laga av meg, med ei historie på baksida som skal varmast å lesa.
Kaffien er fersk, økologisk og brend på Laksevåg kvar veke. Det du held i hendene er meir enn kaffi — det er ei gåve som vert hugsa, ei langreist bønne med lokal sjel.
Få ein varm kopp i innboksen
Nye slepp, små historier og av og til ein rabattkode. Ingen spam — berre kaffi med meining.
Eigne etikettar vi har laga








