Jolakaffi

Jolakaffi

kr 189På lager
Malingsgrad
1

For stril og bymann. For snø og pøsregn.

Kvit jul på Vestlandet? Det kan me ikkje love. Men god kaffi, det skal me ha!

Jolakaffien frå Kafferedet er ferskbrend, økologisk og rettferdig kaffi frå Bergen, pakka i ein pose med vestlandshumor og ei varm julehelsing.

På baksida finn du nokre ord om rolege morgonar, hybelkaninar og det å vere litt varsam med seg sjølv. Ei lita påminning om kva som verkeleg betyr noko i julestria.

Ei julegåve som både varmar og smakar godt. 🎁 Vil du sende ei gåve til nokon du er glad i?

Eg pakkar gjerne inn kaffien som ei fin julegåve og sender han direkte til den som skal få han. Du slepp å pakke, og gåva kjem fram med ei personleg helsing frå deg.

Berre oppgi mottakaren si adresse og kva du ønskjer å skrive på helsinga når du bestiller.

God å gje bort. God å få.

250 g | 189 kr