Historia vår

🌟 Historia vår

Velkommen til Kafferedet

Eit lite, varmt kaffereir skapt med hjarte og glimt i auget.

Kafferedet blei til fordi vi ville gi folk noko meir enn berre ein kopp kaffi.
Vi ville lage små augeblikk av ro, varme og meining i ein travel kvardag.

Kaffien vår er ein hyllest til dei som står på kvar dag-
læraren, helsearbeidaren, bonden, sjåføren, fiskaren.
Alle dei som får samfunnet til å gå rundt, utan alltid å bli sett. (Eller verdsett.)

Vi kjem frå Vestlandet.
Frå regn, vind og bratte fjell, og dei gode pausane inne når vêret herjar ute.
Her er kaffi ein sjølvsagt følgjesvenn, på tur, i naustet, på hytta eller ute på dekk med sjøsprøyt i håret.

Difor lagar vi kaffi til dei små og store augeblikka du vil ta vare på.

Vi håpar du ikkje berre drikk kaffien vår,
men kjenner litt av det vi ønskjer å gi vidare.

Bak Kafferedet står det eit ønske om å gjere kvardagen litt lysare for andre.

💛 Takk for at du er her